Sjur Hesjevoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjur Hesjevoll (19. mars 191418. desember 1994) var ein kunstnar og spelemann frå Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sjur Hesjevoll vart fødd på garden Hesjevoll i Jostedalen i Luster i Sogn. Foreldra var Anna Hesjevoll (f. Krokgjelet, 1875-1954) og Olav H. Hesjevoll (1870-1955). Sjur vaks opp i ein stor syskenflokk, med to søstre og ni brør. Sjur var den tiande av dei tolv borna.

Sjur stifta aldri familie, og budde på garden Hesjevoll heilt fram til han gjekk bort i 1994. Han er gravlagd på Jostedal kyrkjegard.

Folkemusikar[endre | endre wikiteksten]

Sjur tok til med hardingfelespel allereie som gutunge, og gjekk i lære hjå fleire spelemenn i Jostedalen. Mellom anna fekk han lære slåttar av Martin Halveg (1885-1966), Olaf Sperle (1990-1971) og Johannes Ormbergstøl (1893-1949). Han hadde og tradisjon frå mora og faren som tralla.

Jostedølen vart rekna som ein viktig tradisjonsberar og formidlar av spelet i Indre Sogn. Han blir av mange rekna som ein av dei viktigaste spelemennene frå Jostedalen på 1900-talet. Hesjevoll spelte mykje til dans, og var mest kjend som dansespelemann. Slåtterepertoaret hans var stort og allsidig, med både runddans og bygdedans.

Lenge var Sjur Hesjevoll aktiv i Sogn spelemannslag, og i periodar fungerte han som musikalsk leiar for laget. I 1954 var Sjur Hesjevoll med på å skipe Jostedal spel- og dansarlag.

Sjur Hesjevoll deltok på sin fyrste kappleik som 16-åring. Seinare deltok han på ei rekkje stemner og kappleikar.

Årdølen Håkon Høgemo held Sjur Hesjevoll som ein av sine største inspirasjonskjelder.

Hesjevoll vart utnemnt til æresmedlem i Jostedal spel- og dansarlag, og i 1988 fekk han Folkemusikkprisen frå Sogn og Fjordane Folkemusikklag.

I tillegg frå å vere ein framifrå spelemann på hardingfele, dreiv jostedølen kunstmåling, treskjæring og tredreiing.

Sjur Hesjevoll gjorde ei rekkje innspelingar, og i dag fins det lydopptak i NRK sitt folkemusikkarkiv, Norsk Folkemusikksamling i Oslo, Arne Bjørndals Samling i Bergen, og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. I 2009 kom det ei plate med arkivopptak av Sjur Hesjevoll. Utgjevinga var eit samarbeid mellom Jostedalen spel- og dansarlag, plateselskapet ta:lik og NRK.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Hardingfelespel frå Jostedalen (ta:lik 2009)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]