Sjur Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjur Johnsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1891
Vik kommune
Død

2. oktober 1978 (87 år)
Bergen

Idrett bryting
Tok del i

Sommar-OL 1920

Sjur Johnsen (20. juni 18912. oktober 1978) var ein norsk brytar og friidrettsutøvar fødd i Vik i Sogn, oppvaksen der og på Fjøsanger i Fana. Han vart tildelt kongepokalen i bryting i 1920 og 1922.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bryting[endre | endre wikiteksten]

Johnsen vann ni NM-gull i bryting. Han vann 82-kg-klassa i NM 1913. Sidan vart han norsk meister i 74-kg-klassa i 1916, 1917, 1918 og 1920. Deretter sigra han i 82 kg i 1921, 100-kg-klassa i 1922, 82 kg i 1923 og 100 kg i 1929. Johnsen deltok i Sommar-OL 1920 i Antwerpen der han tapte bronsefinalen mot finske Masa Perttilä og vart fjerdemann. Han var medlem i Bergen Atletklubb.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Johnsen vann seks NM-gull i sleggjekast. Frå 1923 til 1927 vann han sleggjetevlinga i samtlege meisterskap. Sommaren 1924 sette han norsk rekord med 43,56 m heime i Bergen. Under NM 1926 på Bislett stadion i Oslo forbetra han rekorden til 44,24 m, dagen etter flytta han rekorden ytterlegare til 44,48 m i Bergen. Tidleg i 1927-sesongen sletta Harald Stenerud noregsrekorden hans, men Johnsen tok rekorden tilbake med eit kast på 46,81 meter ved NM 1927 i Oslo.

Johnsen måtte dei neste åra sjå Harald Stenerud dominere øvinga, såleis vart det NM-sølv på Johnsen i 1928-30. Stenerud var også norsk rekordhaldar i mange år frå 1928. Johnsen forbetra den personlege rekorden til 48,31 m i Stockholm i 1929 og vart elles noregsmeister for sjette gong i 1932. Seinare tok han bronse i NM 1933, sølv i 1934 og 1937. 47 år gammal sikra han seg bronsen i øvinga ved NM 1938, hans 13. medalje i friidretts-NM. I friidrett representerte Johnsen Sportsklubben Brann. Han var banemeister på Brann stadion frå 1919 til 1961.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]