Sjurd Liland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjurd Brynjulfsson Liland (1792-1867, var ein spelemann frå Voss, far av Ola Mosafinn.

Sjurd var son av Brynjulf Olsson, og hadde åtte søsken. Slekta var gamal på Voss. Han tok ved fela i tolvårsalderen, og fekk mykje spel av vossingane Nils Rekve og Per Kvarme.

I 1816 vart han gift med Ingebjørg Klausdotter Mosafinn, som han alt hadde ein son med to år før. Dette barnet døydde (ein gut dei kalla Brynjulf), men borna dei fekk i lag etter giftet, levde opp. Ola Mosafinn var den yngste av borna til Sjurd og Ingebjørg, fødd 1828.

Då Sjurd vart gamal, gifte han seg oppatt med Herborg Magnusdotter Kyte. Sonen Ola spela i bryllaupet, men Sjurd døydde berre tre år etter.

Ola Mosafinn var svært nøgje med at far hans skulle koma med som kjelde. Sjurd hadde lærd sonen sin ei rekkje gamle vossaslåttar, og desse vart gjevne vidare som han sjølv hadde lærd dei. Sjurd Liland var ein typisk bygdespelemann av det gamle slaget, og gjennom nedskriftene Arne Bjørndal gjorde etter Ola Mosafinn vart mykje gamalt vossaspel teke vare på for ettertida.