Sjøelefant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøelefant
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Caniformia
Familie: Ekte selar Phocidae
Underfamilie: Monachinae
Slekt: Sjøelefant Mirounga
Gray, 1827

Sjøelefant eller elefantsel er ei biologisk slekt som omfattar to artar, nordleg og sørleg sjøelefant. Den nordlege arten held til langs Stillehavskysten av Nord-Amerika, medan den sørlege finst på fleire øyar og kystar sirkumpolart rundt Antarktis. Sørleg sjøelefant er den største av alle selane.

Kjempande sjøelefanthannar i California.

Dyra har fått namnet sitt fordi hannane har ein oppblåsbar nasesekk som minner om snabelen til ein elefant. Hannane av begge artane er mykje større enn hoene. Sørlege hannar kan blir opptil 6 meter lange og 3,6 tonn tunge medan dei nordlege kan bli 5 meter og 2,7 tonn. Hoer av begge artat veg gjennomsnittleg 400-900 kg.

Sjøelefantar lever i koloniar der éin hann har kontroll over territorium med fleire hoer og ungar. Hannane slost om territorium ved hjelp av store hjørnetenner. Kosten deira er fisk og blekksprut.

Begge artane blei hardt utsett for jakt på 1700- og 1800-talet, og var truga av utrydding. Etter at jakta slutta har bestandane teke seg opp igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]