Skåbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Skåbu.

Skåbu (av norrønt skaði, 'skade') er ei bygd i Nord-Fron kommune som ligg 870 moh og er ei av dei høgst liggjande bygdene i Noreg.

Bygda ligg i ein sidedal til Gudbrandsdalen, mot Jotunheimen. I området finst fangstanlegg langs dyretrekket frå Murudalen, blant anna med dyregrav frå 1100-talet. I tillegg finst jarnvinneanlegg frå mellomalderen. Skåbu vart råka av flaumen Storofsen i 1789. Skåbu kyrkje er frå 1927. Skåbu har hatt meteorologisk målestasjon sidan 1968. Kommunikasjon er mogleg via Jotunheimvegen til Bygdin, via Espedalen og Gausdal til Lillehammer (92 km), via riksveg 255 til Vinstra (27 km), i tillegg til fjellveg mot Murudalen. I dag er området viktig for friluftsliv og vintersport. Skåbu Tradisjonsbygg AS og Krogenæs Møbelfabrikk ligg i Skåbu. Skåbu hadde 600 fastbuande i 2005.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]