Skånevikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skånevikfjorden er ein del av Hardangerfjorden i kommunane Kvinnherad og Etne. Det meste av fjorden ligg på søraustsida av Halsnøy i sør og nord for Skånevik i sør.

Fjorden er ei fortsetjing av Bjoafjorden og Melen i vest og går 15 km nordaustover til han deler seg i Matersfjorden og Åkrafjorden. Medrekna Åkrafjorden er fjordsystemet 46 km langt.

Det vestlege innløpet til fjorden ligg mellom Melsneset på Fjelbergøy i nordvest og Kjølbergneset i søraust. Området frå Kjølbergneset og nordaustover vert kalla Skånevikstranda. Litt lenger aust ligg tettstaden Skånevik som fjorden er kalla opp etter. Frå her går det ferje nordover, over fjorden til Utåker og til Matre. Nord for Skånevik strekkjer Vannes seg nordover i fjorden. På austsida av Vannes ligg innløpet til Åkrafjorden.

Mellom Halsnøy og fastlandet går Høylandssundet nordvestover til Husnesfjorden på nordsida av Halsnøy. Aust for dette sundet og litt inn i fjorden ligg Utåker på og rett aust for Utåker ligg innløpet til Matersfjorden.