Skópelos

Koordinatar: 39°07′N 23°43′E / 39.117°N 23.717°E / 39.117; 23.717
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skópelos
Lokalt namn Σκόπελος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°07′N 23°43′E / 39.117°N 23.717°E / 39.117; 23.717
Øygruppe Dei nordlege Sporadane

Areal 95 km²

Høgaste punkt Delfí (681 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Sporadane

Demografi
Folketal 4 960 (2011[1])
Folketettleik 51,5 /km²

Skópelos (gresk Σκόπελος) er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane, og ligg like aust for det greske fastlandet, nordaust for øya Évvia.

Skópelos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.[2] Skópelos er òg namnet på den største hamna og kommunesenteret på øya. Andre samfunn på øya er Glóssa og Néo Klíma (Élios).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Skópelos har to fjell på over 500 meter. Det eine er Delfí på 681 meter over havet på midten av øya, og det andre er Paloúki på 546 meter over havet i søraust. Med eit areal på 95 km² er Skópelos litt større enn Mýkonos (85 km²) og Santoríni (73 km²). Dei næraste busette øyane er Skiáthos i vest og Alónnisos i aust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje segna vart Skópelos danna av Stafylos (gresk for drue), ein av sønene til guden Dionysos og prinsessa Ariadne av Kreta. Historisk vart øya kalla Peparethos seint i bronsealderen og var kolonisert av kretarar som introduserte vindyrking her.

Kanskje på grunn av dette segna vart øya gjennom antikken kjend for vinen sin. Skodespelet Filoktetes (først framført ved Dionysusfestivalen i 409 fvt.) av Sofokles inneheld ein vinkjøpmann som gjekk seg vill då han skulle til «Peparethos - rik på druer og vin».

I 1936 gjorde ein utgravingar i området Stáfylos/Velanió og fann ei kongeleg grav frå perioden rundt Mykensk Hellas. Øya var ei kort stund under bystaten Khalkis (Khalkída) i Évvia sidan minst 700-talet fvt..

Vidare kom øya inn under følgjande styresmakter:

Skópelos vart ein del av den første hellenske republikken etter at Londonprotokollen godkjende suvereniteten deira i 1830. Under den andre verdskrigen vart Skópelos først okkupert av Italia (juni 1941 - september 1943) og så av Nazi-Tyskland (september 1943 - oktober 1944). Skópelos og resten av Hellas returnerte til eit demokratisk styresett i 1944.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Skópelos 3 090
Glóssa 993
Néo Klíma 463
Loutráki 163
Pánormos 76

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Stáfylos (69)
  • Klíma (43)
  • Mýli (23)
  • Agnóndas (22)
  • Athéato (12)
  • Kalójiros (6)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]