Skøyenparken

Koordinatar: 59°55′35″N 10°41′19″E / 59.92639°N 10.68861°E / 59.92639; 10.68861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parken sett mot hovudgården
Foto: Helge Høifødt

59°55′35″N 10°41′19″E / 59.92639°N 10.68861°E / 59.92639; 10.68861

Skøyenparken ligg på Skøyen i bydel Ullern i Oslo. Parken høyrer til Skøyen hovudgård (Søndre Skøyen). Nordre Skøyen Hovudgård ligg i bydel Østensjø, og parken rundt Nordre Skøyen blir òg omtala i nokre samanhengar som Skøyenparken.

Parken grensar til Prinsessealleen i sør og vest, burettslaget Casinetto i aust (vart bygt på ein del av parken i 1981–83), og i nord til Skøyen hovudgård.

Den midtre delen av parken er gjerda inn som privat, og denne blir stella som park. Dei ytre, offentleg tilgjengelege delane av parken er skog og naturpark med gangstigar.

Namnet Den engelske park, som kan finnast på kart, offentlege dokument og i daglegtale, stammar frå ein artikkel i tidsskriftet Byminner på 1970-talet[1] , og blei altså ikkje brukt om parken opphavleg. Den parkstilen med mykje liner og tilpassing til landskapet som vart utvikla i England frå første halvdelen av 1700-talet (som motsetning til den barokke hagestilen), var blitt ein etablert internasjonal parkstil då parken vart anlagt. Fleire andre parkar i Oslo er anlagt i landskapsstil, frå denne perioden ofte karakteriserte som viktoriansk etter dronning Victoria, eller romantisk.[2] Det er difor svakt grunnlag for at denne parken skal kallast Den engelske park.[3] I Skøienboken skildrar Skøyen-buaren August A. Butenschøn ein serie fotografi frå Skøyenparken i 1977. Han brukar nemningane «Skøienparken» eller «haven», og talar aldri om han som ein engelsk park.[4]

Parken blei laga til i 1860-åra, då konsul Nicolai August Andresen eigde Skøyen hovudgard. Dammen i parken har fått det folkelege namnet «Butensjøen» etter August Andresen Butenschøn, som eigde garden seinare i hundreåret.

I parken finst det fin edellauvskog med alm, eik og ask, og eit rikt fugleliv, blant andre nattergal og kattugle.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Oslo byleksikon
  • Butenschøn, August A., 1984: Skøienboken, Bind I «Skøiens historie før 1895. Nicolay Andresen og Peter Heinrich Butenschøns felles etterkommere». Oslo, I/S Skøienarealene. ISBN 82-7317-009-8
  • Butenschøn, August A., 1978: Skøienboken, Bind II «Skøiens historie fra 1895. Slektsdelen». Oslo, I/S Skøienarealene. ISBN 82-09-03112-0

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lars Roede: Skøyen i Vestre Aker, Byminner 2/1973, ss. 22-30
  2. I Oslo byleksikon, 2000-utgåva side 123 står det «romansk». Dette er ein skrivefeil som er atteken i seinare kjelder.
  3. Skøyenparken - ikke "Den engelske park". Skøyen Vels heimeside, 15. desember 2010 Arkivert 2016-01-18 ved Wayback Machine. (besøkt 8. desember 2011)
  4. Butenschøn 1978, ss. 62-65

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]