Skøyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå dokumentet skøyte.
Seglskøyte
Tradisjonell fiskeskøyte pynta med signalflagg i høge Rognandagan 2014.

Skøyte er ein spiss- eller rundgatta dekksbåt, med utvendig ror hengsla til akterstamnen.[1] Han er som oftast mellom ti og femten meter lang,[2] og kan vera segl- eller motordriven. Nemninga «skøyte» kom i bruk rundt 1800 frå nederlandsk schuit og har samanheng med ordet skute.[3]

Skøyter var vanlege frakt- og fiskebåtar langs heile norskekysten frå rundt 1880 til siste halvdel av 1900-talet.[3] Dei vart nytta både som frakteskuter, fiskebåt, losbåtar, redningsskøyter, osb. Frakteskuter kan kjennast att på at dei hadde høg skansekledning, for å sikra dekkslasten.[1]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var skøyta ei stor og kraftig sjekte med segl, opphavleg sprisegl. Skrogforma var spissgatta med utvendig ror, slik at roret er hengsla til akterstamnen og følgjer profilen til stamnen. Dei fyrste skøytene var seglskuter, men ut på 1900-talet vart det montert motor i mange av dei. Dei vart då kalla «motorskøyter». Dei var opphavleg klinkbygde, men på 1880-talet tok Colin Archer til å nytta kravellbygginglosbåtar. Desse blei også frå då av gaffelrigga, og blei i 1892 modell for redningsskøytene.

Ei skøyte kan ha jakt- eller galeasrigg, men dei fleste skuter var etter måten små, så ei mast (jaktrigg) var nok det vanlege. På grunn av at ei skute som oftast var mindre enn ei jakt var det vanleg med berre to stagsegl: stagfokk og jagar, men ikkje klyver.

Skroget er djupt og breitt og gjer ei skøyte eigna til eit breitt spekter av oppgåver langs den vêrharde norskekysten, frakt og fiske, losteneste og redningsteneste. Losbåtane og redningsskøytene var forholdsvis komfortabelt innreia for at mannskapet kunne bu om bord over lengre tid. Dei tradisjonelle motorfiskeskøytene hadde ein liten lugar framme, gjerne med omn for varme og koking.

Etterkvart blei skøytene større, fekk motor, styrhus og hekken blei rundgatta, kalla kryssarhekk, men ein heldt på nemninga skøyte. Redningsselskapet bruker framleis nemninga «redningsskøyte» om sine moderne båtar til minne om dei eldre båtane sine.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Skøyter kan ha namn etter byggestad som hvalerskøyte, risørskøyte og listerskøyte eller etter hovudføremål som fiskeskøyte, sildeskøyte og makrellskøyte, sandskøyte og seglskøyte. Losskøytene og redningsskøytene bygde av Colin Archer er blitt legendariske.[3]

Hønerævskøyter[endre | endre wikiteksten]

Her ser ein tydeleg «hønræva» på skøyta. Ein trur at dette er skøyta «Ørn».

Ei hønerævskøyte hadde spissgatta skrog, men dekket var bygd ut som ei plattform over hekken. Namnet kjem truleg av at hekken minte om halen på ei høne, og var truleg ikkje eit kompliment. Dette var ein billig måte å skaffa meir dekksplass på. Hønrævskøyter var vanlege i Hardanger, men ein trur at dei opphavleg kom frå Sør- eller Austlandet.[1]

Listerskøyter[endre | endre wikiteksten]

Listerskøyter har rund baug og har ofte stor breidd. Listerskøyter vart opphavleg nytta for drivgarnfiske, men mot slutten av 1800-talet skøytene sette inn i fraktefart.[1] Dei kunne vera rigga med spri- eller gaffelsegl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Gøthesen, G., Norske båter, bind II: Norskekystens fraktemenn, Grøndahl, 1980.
  2. «skøyte» i Nynorskordboka.
  3. 3,0 3,1 3,2 «Skøyte». Store norske leksikon. 18. november 2020.