Skøyteløp under Vinter-OL 1960

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skøyteløpa under Vinter-OL 1960 ved vinterleikane i Squaw Valley omfatta åtte distansar, fire for menn og like mange for kvinner. Tevlingane fann stad på ei kunstfrosen bane i dagane frå laurdag 20. til laurdag 27. februar 1960. 103 utøvarar, 73 menn og 30 kvinner, frå 17 land deltok i skøytetevlingane.

Det var fyrste gongen kvinnelege lengdeløparar fekk delta i olympiske vinterleikar. Ingen norske kvinner var med.

Den olympiske skøytebana i 1890 moh. var i bruk berre to sesongar, 1959 og -60

Menn[endre | endre wikiteksten]

Sovjetisk frimerke i høve dei olympiske vinterleikane 1960, der sovjetiske utøvarar vann seks gullmedaljar

500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Jevgenij Grisjin Sovjetunionen 40,2
Sølv Bill Disney USA 40,3
Bronse Rafael Gratsj Sovjetunionen 40,4
4. Hasse Wilhelmsson Sverige 40,5
5. Gennadij Voronin Sovjetunionen 40,7
6. Alv Gjestvang Noreg 40,8

Dato: 24. februar

1500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Jevgenij Grisjin Sovjetunionen
Roald Aas Noreg 2.10,4
Bronse Boris Stenin Sovjetunionen 2.11,5
4. Jouko Jokinen Finland 2.12,0
5. Per Olof Brogren Sverige
Juhani Järvinen Finland 2.13,1

Dato: 26. februar

5 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Viktor Kositsjkin Sovjetunionen 7.51,3
Sølv Knut Johannesen Noreg 8.00,8
Bronse Jan Pesman Nederland 8.05,1
4. Torstein Seiersten Noreg 8.05,3
5. Valerij Kotov Sovjetunionen 8.05,4
6. Oleg Gontsjarenko Sovjetunionen 8.06,6

Dato: 25. februar

10 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Knut Johannesen Noreg 15.46,6
Sølv Viktor Kositsjkin Sovjetunionen 15.49,2
Bronse Kjell Bäckman Sverige 16.14,2
4. Ivar Nilsson Sverige 16.26,0
5. Terry Monaghan Storbritannia 16.31,6
6. Torstein Seiersten Noreg 16.32,4

Dato: 27. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Helga Haase Tyskland 45,9
Sølv Natalija Dontsjenko Sovjetunionen 46,0
Bronse Jeanne Ashworth USA 46,1
4. Tamara Rylova Sovjetunionen 46,2
5. Hatsue Takemizawa Japan 46,6
6. Klara Guseva Sovjetunionen
Elwira Seroczyńska Polen 46,8

Dato: 20. februar

1000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Klara Guseva Sovjetunionen 1.34,1
Sølv Helga Haase Tyskland 1.34,3
Bronse Tamara Rylova Sovjetunionen 1.34,8
4. Lidija Skoblikova Sovjetunionen 1.35,3
5. Hatsue Takemizawa Japan
Helena Pilejczyk Polen 1.35,8

Dato: 22. februar

1500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Lidija Skoblikova Sovjetunionen 2.25,2
Sølv Elwira Seroczyńska Polen 2.25,7
Bronse Helena Pilejczyk Polen 2.27,1
4. Klara Guseva Sovjetunionen 2.28,7
5. Valentina Stenina Sovjetunionen 2.29,2
6. Iris Sihvonen Finland 2.29,7

Dato: 21. februar

3 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
Gull Lidija Skoblikova Sovjetunionen 5.14,3
Sølv Valentina Stenina Sovjetunionen 5.16,9
Bronse Eevi Huttunen Finland 5.21,0
4. Hatsue Takemizawa Japan 5.21,4
5. Christina Scherling Sverige 5.25,5
6. Helena Pilejczyk Polen 5.26,2

Dato: 23. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]