Skafså stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristusfiguren i dette krusifikset stammar frå Skafså stavkyrkje.
Foto: Kulturhistorisk museum

Skafså stavkyrkje stod på same tufta som dagens Skafså kyrkje. Ho vart riven i 1830-åra, og dagens kyrkje vart innvigd i 1839.

Det er smått med omtale av kyrkja i mellomalderen, men Skafså-folket fekk som bøndene i nabosoknet Mo ikkje indulgents av Biskop Eystein i hans hyrdebrev.[1] Jens Nilssøn nemnar kyrkja i sin visitasrapport frå 1595,[2] og i ein synfaringsrapport frå 1668 er kyrkja skildra som lik Mo-kyrkja, med svaler og mange skruv. Lorentz Dietrichson spør seg om ho som Mo-kyrkja hadde heva kor. I ei jubileumsbok frå 1939 heiter det: «Kyrkja var bygd umkring ei mast.»[3] Tyder det at ho var ei midtmastkyrkje? Utover dette synast lite kjent om utsjånaden.

Gjenstandar frå stavkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Ein kristusfigur frå eit krusifiks vart i si tid overført frå gamlekyrkja til nykyrkja og fekk ny kross i 1928, samstundes som krusifikset vart montert på ein korbjelke. Bjelken vart fjerna ved ei vøling fram mot 1959, og krusifikset vart plassert i altartavla. Det vart fjerna for konservering i 1990 og er frå 2001 i Vest-Telemark Museum.

Eit renessansealtarbord frå stavkyrkja vart teke i bruk i dagens kyrkje i 1959 etter å ha vore i privat eige, og i dagens kyrkje er òg ein Frederik II-bibel frå 1589. Enkelte materialar frå stavkyrkja er brukt opp att i dagens kyrkje. Til dømes er rosemåla bord oppdaga i golvet.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum IX:186
  2. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 383. 
  3. Olav Gravir (1939). Kyrkje og folk i Mo i 100 år 1839–1939. s. 32. 
  4. Mo og Skafså kyrkjer 1839–1989, s. 13.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]