Skafsåsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skafsåsteinen er ein runestein ved Skafså kyrkje i Tokke kommune i Telemark. Steinen vert datert til ca. 1100.

Steinen er skildra av Hans Jacob Wille i 1790, han stod då ved kyrkjedøra. Same stad stod han då Sophus Bugge vitja staden på 1860-talet. Han kunne då konstatera at steinen ikkje stod der han hadde stått då runene vart rista, og at det ikkje var mogleg å finne den opphavlege staden. I 1892 opplyste Oluf Rygh at steinen låg nede, det gjorde han òg då Magnus Olsen undersøkte han i 1923. I dag er steinen sett opp inne i våpenhuset i kyrkja.

Innskrifta er:

arnkairs sunir ris(?)u eluþesa (eft)ir þiuþulb (b)roþor koþmontr rist runar þesar auk þeir ontor mrs(?)

Omsett til norrønt vert det: Arngeirs synir reistu hellu þessa eptir þjóđolf brođur. Guđmundr reist runar þessar ok þeir Ǫndottr.

Og på moderne norsk: «Arngeirs søner reiste denne hella etter Tjodolf bror (deira) . Gudmund rista desse runene, han og Ondott.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]