Skafte Toroddsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Skafte Toroddsson (9951030), (norrønt: Skapti Þóroddsson), var ein islandsk hovding, lovseiemann og skald.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Skafte Toroddsson vart fødd på garden Hjalle i Ølfus (Hjalli i Ölfus) på Island. Far hans var goden Torodd spake Øyvindsson (Eyvindarsson) og mor hans var Rannveig Gnupsdotter (Gnúpsdóttir). Han var ei tid i Noreg, og i Skaldatal[1] er han nemnd som ein av skaldane hos Håkon Sigurdsson Jarl (den mektige). Då han kom attende til Island (omkring år 1004) vart han lovseiemann[2] etter sin morbror Grim Svertingsson[Note 1], eit ombod som han hadde til han døydde i 1030.

Skafte var gift med Tora Steinsdotter (Þóra Steinsdóttir) og hadde sønene Torsten og Stein. Han hadde òg ei dotter som heitte Torkatla; ho var gift med Katli (Kettil), bror til biskop Isleif (Ísleifur Gissurarson). Om Stein Skaftesson finst ei eiga soge, Steins þáttr Skaftasonar[3].

Han fungerte som lovseiemann i om lag 27 år og det var han som skipa til «femteretten»[4] (fimtardómr), den høgaste domstolen på Alltinget. I hans funksjonstid vart holmgang avskaffa på Island. I denne tida var han den mektigaste mannen på Island, og han vart omtala som både urettferdig og omsynslaus, kanskje delvis fordi han gjennom sitt virke som lovseiemann skaffa seg mange fiendar. I Islendingaboka[5] er han omtala slik: «I hans dage blev mange høvdinger og mægtige mænd dømt fredløse og landflygtige på grund af drab eller lemlæstelser takket være hans magt og landsstyrelse» (sitert frå kap. 8).

Medan Skapte Toroddsson var lovseiemann var det urolege tider på Island, men mot slutten av perioden hadde utviklinga av forfatninga gjort at Island kunne stå fram som ein sjølvstendig fristat, med sitt eige lovområde (vár lǫg).

Skafte Toroddsson er nemnd i Soga om Olav den Heilage[6] og i mange islandske soger, til dømes: Soga om Gunnlaug Ormstunge[7] , Soga om Grette[8], Soga om Njål[9], Ölkofra-soga[10] og Kristni-soga[11].

Skaldskap[endre | endre wikiteksten]

Skafte Toroddsson er sagt å ha vore ein stor skald. Han skal ha gjort eit kvad til Håkon jarl og han skal òg ha gjort ei dråpa til kong Olav Haraldsson, men ingen av desse verka er bevart. Det einaste diktet som er kjent, er ei halvstrofe[Note 2] med religiøst innhald som er sitert i Skaldskaparmål[12] (Snorre Edda):

Máttr er munka dróttins
mestr; aflar guð flestu.
Kristr skóp ríkr ok reisti
Rúms hǫll verǫld alla.
Munkenes herres kraft
er den største, Gud makter alt;
Den mektige Krist skapte
hele verden og reiste Romas hall.
(Norsk omsetjing v/Finnur Jónsson)

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Grim Svertingsson og Rannveig Gnupsdotter var halvsysken.
  2. Halvstrofa er truleg henta frå ei Kristsdrápa, som han skal ha dikta til innviinga av ei gardskyrkje på hovdingsetet på Hjalle.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal Heimskringla.no (norrøn tekst)
  2. lovseiemann (lögsögumann) Store norske leksikon
  3. Steins þáttr Skaftasonar Soga om Stein Skaftesson
  4. Femtedomen frå Wikiwand.com
  5. Íslendingabók frå heimskringla.no
  6. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no
  7. Soga om Gunnlaug Ormstunge omsett av Jakob Fjalestad (Aschehoug,1954)
  8. Soga um Grette Aasmundsson av Olav Røkke (Samlaget 1912)
  9. Njåla av Olav Aasmundstad (Samlaget 1928)
  10. Ölkofra Tåtten om Ölkofra (Skafti lögmaður)
  11. Kristni saga
  12. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Skafte Toroddsson Store norske leksikon
  • Skafte Toroddsson Norsk biografisk leksikon s.430, B.13 (1958)
  • Den norsk-islandske skjaldedigtning v/Finnur Jónsson (red.), København 1912–15
  • Fragment av Skofte Toroddsson, frå Skaldic Project