Skagit County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
First Street i Mount Vernon

Skagit County er eit fylke nordvest i den USA-amerikanske delstaten Washington, på austsida av Puget Sound. Flatevidda til fylket er på 4 974 km², knapt ti prosent av denne er dekt av vatn.

I kring 130 000 personar bur i fylket, som vart grunnlagt i 1883. Mt. Vernon, største byen i fylket, hyser fylkesadministrasjonen.

I fylgje folketeljinga 2000 var 13,9% av ibuarane av tysk, 11,2% av engelsk, 9,2% av norsk og 8,2% av irsk opphav.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]