Skal vi danse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skal vi danse er den norske utgåva av eit britisk fjernsynskonsept der kjendisar tevlar i dans. Biletet viser bokseren Steffen Tangstad på generalprøve til serien i 2006.

Skal vi danse er eit britisk fjernsynskonsept (Strictly Come Dancing) som er selt til meir enn 30 land. Den norske utgåva er produsert av Monster Entertainment og sendt på TV 2. Jon Peder Olrud og Geir Bie var produsentar i første sesongen. Seinare sesongar har vorte produsert av Ingvild Daae. Serien hadde premiere på TV 2 17. januar 2006.

I programserien dansar kjendiser med profesjonelle selskapsdansere og blir vurdert av eit dommerpanel og av TV-seerne. Kvart par består av ein kjendis og ein profesjonell dansar. Para med færrast stemmar får ikkje delta i neste runde.

Programserien har hatt høge seertall i Noreg med eit snitt på mellom 600 000 og 700 000 seere. Hausten 2008 sette det rekorden med 733 000 seere i snitt på sesongpremieren. Berre finaleepisoder av programmet har hatt høgare tal.

Programleiarar[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1 (vår 2006)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Katrine Moholt og Bjørn Wettre Holthe
  2. Guri Schanke og Tom Arild Hansen
Dommarar

Sesong 2 (haust 2006)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Kristian Ødegård og Alexandra Kakurina
  2. Susann Goksør Bjerkrheim & Asmund Grinaker
Dommarar

Sesong 3 (haust 2007)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Tshawe Baqwa og Maria Sandvik
  2. Mona Grudt og Glenn Jørgen Sandaker
Dommarar

Sesong 4 (haust 2008)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Lene Alexandra Øien og Tom-Erik Nilsen
  2. Tore André Flo og Nadya Khamitskaya
Dommarar

Superfinale (haust 2008)[endre | endre wikiteksten]

12. desember 2008 vart det arrangert ein superfinale i Skal vi danse der dei vinnande para frå dei fire føregåande sesongane deltok. Sidan Tshawe Baqwa var på konsertturné på tidspunktet for superfinalen deltok andreplass-para frå 2007 i staden for vinnerparet.

Deltakarar
  1. Mona Grudt og Glenn Jørgen Sandaker
  2. Lene Alexandra Øien og Tom-Erik Nilsen
  3. Katrine Moholt og Bjørn Wettre Holthe
  4. Kristian Ødegård og Alexandra Kakurina
Dommarar

Sesong 5 (haust 2009)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Carsten Skjelbreid og Elena Bokoreva Wiulsrud
  2. Mia Gundersen og Glenn Jørgen Sandaker
Dommarar

Sesong 6 (haust 2010)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Åsleik Engmark og Nadya Khamitskaya
  2. Aylar Lie og Egor Filipenko
  3. Stig Henrik Hoff og Alexandra Kakurina
  4. Maria Mittet og Asmund Grinaker
  5. Tommy Fredvang og Rakel Kristina Aalmo
  6. Håvard Lilleheie og Elena Bokoreva Wiulsrud
  7. Cecilie Skog og Tobias Karlsson
  8. Stine Buer og Tom Erik Nilsen
  9. Anne Marie Ottersen og Glenn Jørgen Sandaker
  10. Andrine Flemmen og Lars Alexander Wiulsrud
  11. Cato Zahl Pedersen og Marianne Sandaker
  12. Einar Gelius og Olga Divakova
Dommarar

Sesong 7 (haust 2011)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Atle Pettersen & Marianne Sandaker
  2. Kari Traa & Egor Filipenko
  3. Lars Bohinen & Alexandra Kakurina
  4. Stella Mwangi & Asmund Grinaker
  5. Noman Mubashir & Nadya Khamitskaya
  6. Anna Anka & Glenn Jørgen Sandaker
  7. Rune Larsen & Olga Divakova
  8. Anders Jacobsen & Elena Bokoreva Wiulsrud
  9. Inger Lise Hansen & Lars Alexander Wiulsrud
  10. Rachel Nordtømme & Henrik Frisk
Dommarar

Sesong 8 (haust 2012)[endre | endre wikiteksten]

Deltakarar
  1. Hanne Sørvaag & Egor Filipenko
  2. Ben Adams & Tone Jacobsen
  3. Cathrine Larsåsen & Tom-Erik Nilsen
  4. Linni Meister & Calle Sterner
  5. Eldar Vågan & Elena Bokoreva Wiulsrud
  6. Vebjørn Sand & Nadya Khamitskaya
  7. Lars Erik Blokkhus & Maria Sandvik
  8. Stein Johan Grieg Halvorsen & Marianne Sandaker
  9. Lasse Ottesen & Olga Divakova
  10. Marit Mikkelsplass & Lars Alexander Wiulsrud
  11. Lillian Müller & Glenn Jørgen Sandaker

Linni Meister fekk plassen til Marianne Aulie då ho måtte trekkje seg før programmet.

Sjåartal[endre | endre wikiteksten]

Programmet kan skildrast som ein sjåarsuksess med mellom 600 000 og 700 000 sjåarar i snitt. Den fyrste sesongen hadde eit snitt på 657 000 sjåarar og ein topp på 717 000 sjåarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]