Skalarfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit skalarfelt knyt ein skalar verdi til kvart punkt i rommet. Skalaren kan anten vere eit matematisk tal eller ein fysisk storleik. Skalarfeltteori vert ofte nytta i fysikk, til dømes for å indikere temperatur- eller lufttrykkfordelinga i rommet.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Matematisk er eit skalarfelt i området U ein reell eller ein kompleks funksjonU. Regionen U kan vere eit sett i eit euklidsk rom eller meir generelt eit undersett i eit mangfald. I matematikk vert uttrykket «skalarfelt» hovudsakleg nytta for å skilje ein funksjon av dette slaget frå eit meir generelt tensorfelt, tettleiksmengd eller differensialform.

Fysisk har eit skalarfelt i tillegg måleiningar knytt til seg. I denne samanhengden er skalarfeltet òg uavhengig av koordinatsystemet ein nyttar til å skildre det fysiske systemet. Skalarfelt skil seg frå andre fysiske storleikar som eit vektorfelt som har ein vektor i kvart punkt i rommet, og tensorfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]