Skald forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skald forlag ligg i Leikanger ved Sognefjorden i Vest-Noreg og vart etablert i 1991 av Lars Nes og Jon Skjerdal.

Forlaget gjev ut mellom anna foto-, kunst- barne og oppdragsbøker ofte i praktbokformat. Skald er hovudsakleg eit nynorskforlag, men har òg gjeve ut bøker på bokmål, engelsk, tysk, kinesisk, spansk, japansk og russisk. Forlaget gjev ut om lag 15 bøker i året, og fleire av bøkene har vunne prisar i konkurransen "Årets vakreste bøker".

Namnet Skald kjem frå skaldane som dikta og fortalde historier i vikingtida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]