Skalden Bojan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bojan speler gusli på eit måleri av Viktor Vasnetsov.

Bojan er ein skald som er nemnd i det russiske Igorkvadet frå 1100-talet.

Bojan er nemnd seks gonger i verket, som ein person som syng, ser og fortel.[1] Han blir omtalt som ein etterkomar av guden Veles eller Volos, kanskje med tilvising til Veles som ein vernar for musikarar. Ein veit ikkje om Bojan er eit namn eller ei nemning for han som skald.

Sjølv om Igorkvadet er den einaste gamle teksten som påkallar Bojan, er namnet hans blitt mykje brukt i seinare kultur. Han er nemnd i Zadonsjtsjina frå 1300-talet og i Pusjkin sitt dikt Ruslan og Ljudmila frå 1820. Han er også blitt mykje avbilda i russisk biletkunst. Den russiske varianten av knappetrekkspel, som blei funne opp i 1907, har namnet bajan etter skalden.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prince 1917, s. 58.
Bibliografi
  • The Encyclopaedia of The Lay of Ihor's Campaign, i fem band. Kiev, 1995. Volume 1, s. 147-153.