Skallelv kyrkje
Utsjånad
(Omdirigert frå Skallelv kapell)
| Skallelv kyrkje | |||
| Kyrkje | |||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
|---|---|---|---|
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Varanger | ||
| Sokn | Vadsø | ||
| Fellesråd | Vadsø | ||
| Type | langkyrkje | ||
| Arkitekt | Rolf Harlew Jenssen (1961) | ||
| Material | tre | ||
| Innvigd | 20. august 1961 | ||
| Takryttar | ja | ||
| Preikestol | frå 1961 | ||
| Døypefont | frå 1961 | ||
| Altartavle | frå 1961 | ||
| Sitjeplassar | 78 | ||
![]() Skallelv kapell 70°11′15″N 30°20′28″E / 70.187478°N 30.341238°E | |||
| Wikimedia Commons: Skallelv kapell | |||
Skallelv kyrkje er ei gulmåla langkyrkje frå 1961 i Skallelv i Vadsø kommune i Finnmark fylke. Bygget vart opphavleg sett opp i 1901 og tente som skulehus for bygda til 1953. Fyrst på 1960-talet vart det ombygd til kapell etter teikningar laga av Rolf Harlew Jenssen. Inventaret er frå byggjeåret eller seinare. Døypefonten er i tre og er laga av Rolf Harlew Jenssen. Altertavla er ein enkel kross laga ved Stocks Snekkerverksted. Der vart òg preikestolen laga.
Kyrkja er bygd i tre og har 78 plassar.
Ein kan komme til staden via Europaveg 75.
Skallelv kyrkje høyrer til Vadsø kyrkjesokn i Varanger prosti.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Thor Robertsen: «Skallelv kapell» på nettstaden skallelv.net
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skallelv kapell, Skallelv». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 85. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkjesøk
- Skallelv kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Om Skallelv kapell på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
