Skammerserien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skammerserien (på norsk Skammarserien) er ein fantasy-serie på fire bøker skriven av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Serien handlar om den unge jenta Dina og hennar opplevingar. Øystein Rosse har sett bøkene om til norsk, og for dette arbeidet fekk han Kultur- og kyrkjedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur.

Dina er dotter av skammaren, og har arva den magiske skammarevna frå henne. Ein skammar er ein person som kan sjå inn i sjela til folk når han ser dei i augo. Då ser skammaren alt det galne dei har gjort og alt dei skammar seg over, og gjer dei meir medvitne på det, slik at dei skammar seg meir. Skammaren vert brukt når nokon er mistenkte for eit brotsverk, for å finna ut om dei verkeleg har gjort det dei er skulda for. Som dei fleste fantasy-forteljingar, går handlinga føre seg i eit mellomaldersamfunn.

Bøkene i serien[endre | endre wikiteksten]

  • Skammerens datter, (norsk: Skammarens dotter)
  • Skammertegnet (norsk: Skammarteiknet)
  • Slangens gave (norsk: Slangens gåve)
  • Skammerkrigen (norsk: Skammarkrigen)

Viktige personar[endre | endre wikiteksten]

Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.
  • Dina Tonere er hovudpersonen i bøkene, ei ung jenta som har ei evna ho ikkje har bede om å få.
  • Davin Tonerre er bror til Dina. Han er fem år eldre enn henne, midt i den vanskelege overgangen mellom gut og vaksen mann.
  • Melussina Tonerre er skammaren. Ho er òg mor til Dina, Davin og Melli.
  • Melli Tonerre er litlesystera til Davin og Dina.
  • Rosa er ei jenta som kom frå vanskelege familiekår i byen Dunark, og vart ven med Dina.
  • Drakan, som kallar seg Drakefyrsten er den vonde fyrsten i Dunark. Han er heilt utan skamkjensle, og er difor ein særs vanskeleg fiende å hanskast med.
  • Nicodemus Ravens, oftast berre kalla Nico, er halvbror til Drakan, og den rettmessige arvingen til fyrstedømet.
  • Maunus Kensie, ofte berre kalla Meister Maunus er ein alkymist, og tidlegare huslærar for Nico i Dunark-borga. Han kjem opphavleg frå Høglandet.
  • Fru Petri, som vert kalla Apotekjar-Enkja, er systerdotter til Maunus.
  • Maudi Kensie er overhovudet til Kensie-klanen i Høglandet, og mormor til Meister Maunus.
  • Callan Kensie er soneson til Maudi Kensie.
  • Valdracu er ein av Drakan sine menn, og har ansvaret for verkstaddrifta i Drakan sin nye by, Dracana.
  • Ivain Laclan er son til overhovudet i Laclan-klanen.
  • Sezuan er far til Dina. Han er ein svartemeister, og har Slangens gåve, som gjer at han kan få folk til å sjå det han vil.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Skammarens dotter[endre | endre wikiteksten]

Skammerens datter startar med at mor til Dina vert kalla ut til skammarteneste i byen Dunark. Eit døger etterpå vert òg Dina henta. Det viser seg at den uekte fyrstesonen Drakan har teke livet av fyrsten og to arvingar, og lagt skulda på den tredje, Nicodemus, slik at han sjølv skal verta fyrste. Dette vil ikkje Melussina delta i, og han prøver å pressa henne ved å utsetja Dina for den «mistenkte» slektningen Nico. Dina og Nico rømmer frå fengselet til Drakan, og får hjelp av andre i byen, mellom anna Rosa, Meister Maunus og Apotekjar-Enkja. Melussina og Nico vert dømde til døden, og Dina og Nico vert etterlyste. Til slutt klarar dei å få mora fri, og rømma frå byen. Også Nico og Rosa flyktar saman med dei heim til Bjørkeby. Når dei kjem heim att, har Drakan sine menn brent huset deira, og boka endar med at dei flyttar til Høglandet, og søkjer tilflukt hjå Kensie-klanen, familien til Meister Maunus og Apotekjar-Enkja.

Skammarteiknet[endre | endre wikiteksten]

Valdracu som er fetteren til Dracan, gjev seg ut for å vera Ivain Laclan prøver å ta livet av Melussina, men Dina reddar henne. Davin dreg til Baur Laclan (byen der Laclan-klanen held til) for å ta eit oppgjer med Ivain. Når Dina finn dette ut, dreg ho til Baur Laclan og stoppar kampen. Først då vert det klårt at det ikkje var Ivain Laclan som hadde skote Melussina. Medan Dina og Davin er i Baur Laclan, kjem Valdracu att, og kidnappar Dina og ein liten gut som heiter Tavis Laclan. Valdracu tek dei med til Dracana, der han brukar skammarevna til Dina som eit våpen mot arbeidarane sine når han er misnøgd med dei. Dina gjer som han seier fordi han trugar med å drepa Tavis om ho ikkje lystrar. Davin og Rosa reddar Dina frå Valdracu, og Davin drep Valdracu. Når dei kjem attende til Høglandet, har Dracan sine folk utgjeve seg for å vera frå Kensie-klanen, og lurt Skaya-klanen til å gå til krig mot Kensie. Dina stoppar kamphandlingane med skammarrøysta si.

Slangens gåve[endre | endre wikiteksten]

Sezuan, Dinas far, dukkar opp, og familien rømmer frå han. Sezuan ynskjer å finna ut om Dina har Slangens gåve. Når Davin og Nico blir teke til fange, må Dina samarbeide med Sezuan for å få dem ut. Har Dina Slangens Gåve?

Skammarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Skammarkrigen er det endelege oppgjeret med Drakan. Drakan går til krig mot høglendarane for å få makta over heile landet, og for å ta livet av Nico, medan Dina brått er attende i Dunark.