Skandale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skandale er ei hending, handling eller anna åtferd som vekkjer forarging eller ubehageleg og pinleg oppsikt, det vil seia noko som strid mot vanlege normer og reglar i eit samfunn. Ordet «skandale» kjem frå det franske scandale som igjen stammar frå gresk skandalon, som betyr 'felle' eller 'snare'.[1]

Skandalesaker kan vera små eller store og av privat eller offentleg karakter. Handlingane kan dreia seg om makt og personleg vinning, som kan vera politisk, økonomisk, sportsleg eller seksuelt motivert. Slike saker får som regel store og negative konsekvensar for dei det gjeld. Mange moderne skandalesaker kan vera knytte til kjendisar, politikarar eller næringslivsleiarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]