Skandfers baadbyggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skandfers baadbyggeri var eit båtbyggjeri som dreiv verksemd ved Kulstadsjøen i Vefsn kommune i Nordland. Båtbyggjeriet vart etablert av Nils Skandfer i 1903 og heldt til ved den gamle handelsstaden på Kulstadsjøen. Dette skjedde samstundes med at trelastverksemda Nesbruket, som heldt til like ved, hadde stor verksemd med uttak av tømmer og trelastproduksjon. Skandfer hadde blant anna gått i lære hos Colin Archer og båtane han konstruerte hadde mange likskapstrekk med Colin Archer skøytene. Skandferbåtane var dei første seglbåtane med heildekk som vart bygd i Nord-Noreg.

I 1914 var arbeidsstokken hos Skandfer oppe i 75-80 mann. Det vart fortalt at han kunne bygge opptil 10 fartøy samtidig. I 1920 starta dei økonomiske nedgangstidene og Skandfer fekk store økonomiske problem. Året etter vart selskapet overlevert skifteretten. Verftet vart lagt ned i 1921 etter at ein ikkje fann råd med ny finansiering.