Skandinaviske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skandinaviske språk er ei nemning som blir brukt om dei tre nordgermanske språka som er forståelege seg i mellom, nemleg norsk, svensk og dansk. Nordisk språkråd har t.d. informasjonsmateriell om att tala skandinaviska, råda kan lett karikert oppfattast som ei oppfordring til nordmenn og danskar om å snakke litt meir likt svensk, og til svenskar om å snakke litt saktare.

I tradisjonell historisk klassifisering av dei nordgermanske språka har ikkje nemninga «skandinaviske språk» nokon plass, her er svensk og dansk austnordiske og dei andre vestnordiske. Denne inndelinga er ei god skildring av situasjonen for 800 år sidan, men med overgangen frå mellomalder til moderne tid gjekk norsk talemål stort sett gjennom dei same endringane som svensk og dansk (bortfall av kasus og verbbøying), slik at nemninga «skandinavisk» i dag speglar dei språklege realitetane betre.

Det er særleg i denengelskspråklege lingvistiske litteraturen ein viss tradisjon for termane «fastlandsskandinavisk» og «øyskandinavisk» (Mainland Scandinavian, Insular Scandinavian), men nemningane er lite i bruk på nordiske språk, kanskje fordi termen «øyskandinavisk» rimar dårleg med at Skandinavia eigentleg er ei halvøy.

På norsk er det vanleg å kalle alle dei nordgermanske språka nordiske språk (universitet i Noreg har t.d. «nordiske institutt»), og det er vanleg å kalle norsk, svensk og dansk skandinavisk.