Skapolitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skapolittgruppa
Skapolit, Madagaskar, Benono.JPG
Skapolitt frå Madagaskar
Generelt
KategoriTektosilikat

Skapolitt, tidlegare werneritt, ei gruppe tetragonale mineral som kjemisk står plagioklas-feltspata nær. Fargen er vanlegvis kvit eller grå. Den kjemiske samansetjinga kan uttrykkjast som ei gruppe på tre feltspatmolekyl knytte til natriumklorid eller kalsiumkarbonat: 3NaAlSi3O8·NaCl (endeleddet marialitt) og 3CaAl2Si2O8·CaCO3 (endeleddet meionitt). Blandingsledd mellom desse blir kalla mizzonitt og dipyr.

Skapolittmineral er temmeleg utbreidd. Det finst i Noreg mellom anna i kontaktsonene til Oslofeltet, i gabbroar, på apatittgangar og i einskilde granittpegmatittar i området BambleArendal. Skapolitt er ofte danna på rekning av plagioklas ved tilførsel av klorhaldige løysingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]