Skardsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skardsfjorden er ein fjord i Rødøy og Meløy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 13 km austover, der han deler seg i to. Inn til botn av Nordfjorden er han 31 km lang.

Fjorden har innløp mellom Sleipnesodden i sør og Åmøyhamn i nord. Det meste av fjorden ligg på sørsida av Åmøya. Fleire mindre grender ligg på begge sider av fjorden. Om lag 10 km inn i fjorden ligg Forøya og Esøya. Her deler fjorden seg i to. Eine delen går nordaustover til innløpet til Bjærangfjorden. På sørsida av desse øyane går Arhaugfjorden søraustover og går etter kvart over i Holandsfjorden, som igjen går over i Nordfjorden.

Fv464 går langs nordsida av fjorden på Åmnøya. Ved Åmnøyhamna heilt i vest møter Skardsfjorden Bolgfjorden som går på nordsida av Åmøya.