Skatt i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I Noreg skattar ein prosent av inntekt og av formue. Det er mange fråtrekk i inntekta før ein kjem til det som er skattbar inntekt. I Noreg var skatteprosenten i 2008 på inntekt 28, både for private og bedrifter. Inntekt over 420 000 kroner for privatpersonar blir skattlagt med 37% og inntekt over 682 500 blir skatta 40 %[1].

Formuesskatten i Noreg i 2008 var på 0,9 prosent for formuar mellom 220 000 og 540 000. Formue over 540 000 blir skattlagt med 1,1 prosent[2].

Personskatten går til stat, fylke og kommune etter ei fordeling som blir fastsett i statsbudsjettet. Skatten går til å finansiere offentlege velferdsordningar og andre tiltak som det offentlege står ansvarleg for. I tillegg til skatt betaler dei fleste mange andre avgifter som går inn i statskassa. Mange næringar har spesielle skatteregime. Dette gjeld til dømes petroleumsnæringa og reiarlaga. Den einaste skatten kommunane sjølv avgjer om dei vil skrive ut er eigedomsskatten. I 2006 hadde 63 prosent av kommunane innført eigedomsskatt på bustader. Alle kommunane hadde eigedomsskatt på «verker og bruk».[3]

Rettsgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Folket sin rett til sjølv å fastsetje sine skattar er eit grunnleggjande prinsipp i eit demokrati. I Noreg er dette prinsippet nedfelt i Grunnloven § 75 bokstav a:

«Det tilkommer Storthinget (...) at paalægge Skatter, Afgifter, Told og andre offentlige Byrder, som dog ikke gjælde udover 31te December i det næst paafølgende Aar, medmindre de af et nyt Storthing udtrykkelig fornyes.»[4]

Skattar, avgifter og toll blir vedteke av Stortinget for eitt år om gongen gjennom dei årlege skatte-, avgifts- og tollvedtaka (plenarvedtak).[5] Stortinget må dermed kvart år ta stilling til om det er ynskjeleg å endre skatte- og avgiftsopplegget. Det kviler i utgangspunktet ingen andre avgrensingar på Stortinget si skattleggingsmyndigheit enn dei som følgjer av Grunnloven. Forbodet mot tilbakeverkande lover i Grunnloven § 97 er eit døme på ei slik avgrensing. [6]

Meir detaljerte skattereglar er gitt i ei rekkje lover med tilhøyrande forskrifter. Sentrale lover er mellom anna Skattelova, Folketrygdlova, Arveavgiftslova, Eigedomsskattelova, Meirverdiavgiftslova, Særavgiftslova og Tollova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/Skattar-og-avgifter/Skattesatser-2008.html?id=485575
  2. http://www.regjeringen.no/nn/dep/fin/Tema/andre/Bedrifts--og-kapitalbeskatning/Formuesskatt.html?id=449717
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. oktober 2007, henta 18. september 2010 
  4. Grunnloven § 75
  5. Stortingsvedtak
  6. Zimmer, Frederik (2009). Lærebok i skatterett (6 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. s. 35-38. ISBN 9788215015897.