Skatteetaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skattedirektoratet)
Skatteetaten

Offisielt namnSkatteetaten, Skatteetaten, The Norwegian Tax Administration
TypeEtat
VirkefeltNoreg
Org.nummer974761076
HovudkontorOslo
UndergrupperFinansdepartementet i Noreg
Tilsette7 500[1]
Nettsidehttp://www.skatteetaten.no/, https://www.skatteetaten.no/en, https://www.skatteetaten.no/nn

Skatteetaten er ein norsk statleg etat med ansvar for folkeregistrering og fastsetjing og innkreving av skatt. Etaten er underlagt Finansdepartementet.

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Frå 1. januar 2008 er Skatteetaten organisert i eit hovudkontor (Skattedirektoratet) og fem regionar:

  • Skatt Nord (Finnmark, Troms og Nordland, med regionsleiing i Tromsø)
  • Skatt Midt-Norge (Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, med regionsleiing i Trondheim)
  • Skatt Vest (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland, med regionsleiing i Bergen)
  • Skatt Sør (Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud, med regionsleiing i Skien)
  • Skatt Øst (Oslo, Akershus, Østfold, Hedmark og Oppland, med regionsleiing i Oslo)

Kvar region er organisert i fem funksjonar:

  1. Rettleiing
  2. Fastsetjing
  3. Kontroll og rettsbruk
  4. Skattekriminalitet
  5. Innkreving

Kvar region har av mange fysiske kontorstader (tidlegare likningskontor, fylkesskattekontor og skattefutkontor) som blir kalla skattekontor overfor brukarane. Alle skattekontora har ei førsteline som gjev rettleiing og tek imot spørsmål innanfor alle oppgåveområda i etaten.

Skattedirektoratet er inndelt i Avdeling Person, Avdeling Næring, Avdeling for styring og utvikling, Avdeling for innkreving, Avdeling for organisasjonstenester og IT-avdelinga. I tillegg har direktoratet fire stabseiningar som rapporterer direkte til skattedirektøren: Økonomisk kriminalitet og svart økonomi, Rettsutvikling og rettsanalyse, Internrevisjonen og Eininga for informasjon og samfunnskontakt.

Skatteetaten får òg ein ny klagestruktur. Første klageinstans blir skattekontora. Andre klageinstans blir dei fem skatteklagenemndene, ei for kvar region. Tredje klageinstans blir Riksskattenemnda. Dette inneber at dei tidlegare tre klageinstansane — likningsnemnd, overlikningsnemnd og fylkesskattenemnd — fell bort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]