Skaugumsåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skaugumsåsen
fjell
Skaugumsåsen sett frå Indre Oslofjord ved Holmen i Asker kommune.
Land  Noreg
Fylke Akershus
Kommune Asker kommune
Høgd 351 moh.
Primærfaktor 140 m
Kart
Skaugumsåsen
59°51′40″N 10°26′36″E / 59.86111111°N 10.44333333°E / 59.86111111; 10.44333333
Wikimedia Commons: Skaugumsåsen

Skaugumsåsen er ein ås i Asker kommune i Akershus fylke på 351 meter over havet, og med ei skardhøgd (primærfaktor, det vil seie høgda over terrenget ikring) på 140 meter. Åsen har namn etter garden Skaugum (som tyder Skogheim), ein gard som har røter i yngre jarnalder, som var ein sentral storgard i mellomalderen, og nå er mest kjend for å vere heim for det norske kronprinsparet.

Skaugumsåsen. Bygningane framfor åsen er Sem Gjestegård (den nedlagde Norges landbrukshøgskole, avd. Asker, tidlegare Statens småbrukslærerskole). I senkinga attom høgda som bygningane ligg på, ligg Semsvannet.

Bergartane i åsen er harde permiske lavaartar som ligg over lausare skifer, slik ein kan sjå i dei steile skrentane i åssida. I desse skrentane veks edellauvskog med hassel, ask, lønn, lind, alm, sølvasal og barlind, og dessutan finst misteltein. Store delar av åsen, både areal i åssidene og på åsplatået, er verna som naturreservat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna framlegg til turar som gjev døme på geologisk interessante lokalitetar i området Skaugumsåsen – Semsvannet.)