Skavøypoll Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skavøypoll Idrettslag vart skipa i 1978. Idrettslaget har grupper for fotball, handball, klatring, gymnastikk, turn og idrettskule. Skavøypoll stadion ligg på Tennebø og har kunstgrasdekke. Elles nyttar klubben Nordfjordhallen og Skavøypoll skule til treningar. Innbyggjarane i Deknepollen poststad soknar til Skavøypoll IL.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]