Skei Hotel

Koordinatar: 61°34′19.092″N 6°28′50.171″E / 61.57197000°N 6.48060306°E / 61.57197000; 6.48060306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°34′19.092″N 6°28′50.171″E / 61.57197000°N 6.48060306°E / 61.57197000; 6.48060306

Skei Hotel ca 1892-1895.

Skei Hotel er eit hotell som ligg ved JølstravatnetSkei i Sunnfjord kommune. Hotellet er medlem av Best Western Hotels og har vore drifta av familien Skrede sidan det vart grunnlagt av Tollef Gabrielson Skrede 23. juli 1889.

Det opphavlege hotellbygget i hadde i starten ca 30 sengeplassar. Bygget vart øydelagt av brann i 1943. Etter krigen bygde andre generasjon Skrede, Tollef Tollefson Skrede, eit nytt og større hotell. Etter dette har hotellet vorte utvida fleire gonger.

Hotellet har i dag 129 rom og 250 senger. Vinteren 2006/2007 vart hotellet utvida med bl.a. ny kurs- og konferanseavdeling.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]