Skeiand
Skeiand | |
![]() Skeiandhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av Skeiand | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Spatula |
Art: | Skeiand S. clypeata |
Vitskapleg namn | |
Spatula clypeata |
Skeiand (Spatula clypeata, tidlegare Anas clypeata) er ein fugl i andefamilien. Ho er om lag 50 cm lang. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover.
Utbreiing[endre | endre wikiteksten]
I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Dei overvintrar i Vest-Europa og Nord-Afrika.
Arten er lista på norsk raudliste 2006, i kategorien sårbar (same kategori som oter, snøugla og gaupa).
Reiret[endre | endre wikiteksten]
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8-10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23-25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40-45 dagar. Skeianda et små krepsdyr og blautdyr.