Skeisdalen
Utsjånad
| Skeisdalen | |||
| dal | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Skeisdalen 62°54′29″N 7°46′19″E / 62.908°N 7.772°E | |||

Skeisdalen er ein dal i Gjemnes kommune på om lag fire kilometer. Landbruk er hovudnæring i bygda.
Dalen går omtrent rett sørover frå Øre, som ligg ved Batnfjorden. Heilt nede ved fjorden ligg Øre kyrkje og Ørestua.
På Teigen finst eit bygdemuseum.
Lengst inne i dalen, i sør, ligg Larssetra. Herfrå går ein gammal veg over fjellet til Heggem på Osmarka. Dalen endar i fjellet Dua (798 meter).
Dalen har ein førekomst av serpentinitt. Tidlegare var det gruvdrift og uttak av blokkstein, men verksemda er no nedlagt.
