Skeise-VM 1966 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1966 for kvinner fann stad på Øya stadion i Trondheim 12. og 13. februar 1966. 35 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av distanseøvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Valentina Stenina frå Sovjetunionen vart verdsmeister for tredje gong. Steninas landskvinner Irina Jegorova og Tatjana Rastopsjina stod for bestetidene på høvesvis 500 m og 1000 m, medan Kim Song-sun frå Nord-Korea gjekk den kvikkaste 1500-meteren og nederlandske Kaiser brukte minst tid på å kome seg i mål på 3 000 meter.

Skeise-VM 1966[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Valentina Stenina  Sovjetunionen 197,733
Sølv Kim Song-sun  Nord-Korea 198,233
Bronse Stien Kaiser  Nederland 199,217
4 Irina Jegorova  Sovjetunionen 200,000
5 Kaija Mustonen  Finland 200,316
6 Han Pil-hwa  Nord-Korea 200,600
7 Lasma Kauniste  Sovjetunionen 201,616
8 Tatjana Rastopsjina  Sovjetunionen 202,250

Dato: 12./13. februar 1966

Kjelder[endre | endre wikiteksten]