Skeise-VM 1971 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1971 for kvinner fann stad i Helsinki i Finland 6. og 7. februar 1971. 30 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei fire frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Nina Statkevitsj frå Sovjetunionen vart verdsmeister, to poeng framom nederlandske Stien Kaiser. Anne Henning frå USA gjekk den snøggaste 500-meteren og landskvinna Dianne Holum 1000-meteren, Statkevitsj fekk bestetid på 1500 m og Kaiser på 3 000 meter.

Skeise-VM 1971[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Nina Statkevitsj  Sovjetunionen 191,400
Sølv Stien Kaiser  Nederland 193,433
Bronse Ljudmila J. Titova  Sovjetunionen 195,833
4 Dianne Holum  USA 196,000
5 Lisbeth Berg  Noreg 196,184
6 Ans Schut  Nederland 196,667
7 Tatjana Averina  Sovjetunionen 197,633
8 Kapitolina Serogina  Sovjetunionen 197,683

Dato: 6./7. februar 1971

Kjelder[endre | endre wikiteksten]