Skeise-VM 1973 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1973 for kvinner fann stad i Strömsund i Sverige 24. og 25. februar 1973. 26 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Tittelforsvarar Atje Keulen-Deelstra frå Nederland vart verdsmeister for tredje gong. Sheila Young frå USA var suverent best på 500-meter, medan Galina Stepanskaja frå Sovjetunionen og Keulen-Deelstra fekk bestetider på høvesvis 1500 m og 1000 m, sigeren på 3 000 meter tok nederlandske Sippie Tigchelaar.

Skeise-VM 1973[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Atje Keulen-Deelstra Flag of the Netherlands.svg Nederland 185,950
Sølv Tatjana Sjelekhova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 188,363
Bronse Trijnie Rep Flag of the Netherlands.svg Nederland 188,651
4 Nina Statkevitsj Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 188,685
5 Sippie Tigchelaar Flag of the Netherlands.svg Nederland 189,164
6 Monika Pflug Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 189,804
7 Galina Stepanskaja Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 190,240
8 Ellie van den Brom Flag of the Netherlands.svg Nederland 191,543
9 Lisbeth Berg Flag of Norway.svg Noreg 191,600

Dato: 24./25. februar 1973

Kjelder[endre | endre wikiteksten]