Hopp til innhald

Skeise-VM 1975 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1975 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 8. og 9. februar. 32 utøvarar frå 16 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Harm Kuipers frå Nederland vart verdsmeister, utan å ha vore mellom dei to beste på nokon distanse. Distansesigrane gjekk til nordmenn på dei tre fyrste distansane; Jan Egil Storholt på 500 meter, Sten Stensen på 5 000 meter og Amund Sjøbrend på 1500 meter. Ingen av desse kom på den endelege sigerspallen, det gjorde derimot Vladimir S. Ivanov frå Sovjetunionen, som fekk bestetid på milløpet og vart andremann i kampen om laurbærkransen.

Skeise-VM 1975

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Harm Kuipers  Nederland 176,002
Sølv Vladimir S. Ivanov  Sovjetunionen 176,050
Bronse Jurij Kondakov  Sovjetunionen 176,382
4 Sten Stensen  Noreg 176,572
5 Masayuki Kawahara  Japan 176,787
6 Dan Carroll  USA 177,194
7 Amund Sjøbrend  Noreg 177,588
8 Jan Egil Storholt  Noreg 177,614
9 Viktor Varlamov  Sovjetunionen 178,153
10 Aleksandr Vladimirov  Sovjetunionen 178,177
11 Göran Claeson  Sverige 178,312
12 Terje Andersen  Noreg 178,962
13 Piet Kleine  Nederland 178,986

Dato: 8./9. februar 1975

Plass Utøvar Land Tid
Gull Jan Egil Storholt  Noreg 40,30
Sølv Zhao Weichang  Kina 40,93
Bronse Harm Kuipers  Nederland 40,99
4 Dan Carroll  USA 41,01
5 Göran Claeson  Sverige 41,04
6 Norio Hirate  Japan 41,08
7 Jurij Kondakov  Sovjetunionen 41,10


5 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Sten Stensen  Noreg 7.31,7
Sølv Vladimir S. Ivanov  Sovjetunionen 7.31,9
Bronse Harm Kuipers  Nederland 7.35,5
4 Jurij Kondakov  Sovjetunionen 7.38,4
5 Aleksandr Vladimirov  Sovjetunionen 7.39,6
6 Dan Carroll  USA 7.40,2
7 Viktor Varlamov  Sovjetunionen 7.41,4
8 Göran Claeson  Sverige 7.42,1


1500 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Amund Sjøbrend  Noreg 2.05,31
Sølv Dan Carroll  USA 2.05,53
Bronse Masayuki Kawahara  Japan 2.05,56
4 Jurij Kondakov  Sovjetunionen 2.05,62
5 Harm Kuipers  Nederland 2.05,88
6 Klaus Wunderlich  Aust-Tyskland 2.05,92
7 Jan Egil Storholt  Noreg 2.06,25
8 Aleksandr Vladimirov  Sovjetunionen 2.06,79


10 000 meter

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Tid
Gull Vladimir S. Ivanov  Sovjetunionen 15.24,9
Sølv Sten Stensen  Noreg 15.40,0
Bronse Viktor Varlamov  Sovjetunionen 15.41,9
4 Masayuki Kawahara  Japan 15.42,4
5 Piet Kleine  Nederland 15.47,0
6 Harm Kuipers  Nederland 15.49,8
7 Jurij Kondakov  Sovjetunionen 15.51,3
8 Aleksandr Vladimirov  Sovjetunionen 15.52,3