Skeise-VM 1976 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen på skeiser 1976 for kvinner fann stad på Gjøvik stadion i Noreg 21. og 22. februar 1976. 29 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå arrangørlandet. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Sylvia Burka frå Canada vart verdsmeister framom sovjetiske Tatjana Averina. Sheila Young frå USA var snøggaste utøvar både på 500 meter og 1000 meter. Verdsmeister Burka fekk bestetid på 1500 m, medan Karin Kessow frå Aust-Tyskland sigra på den avsluttande 3000-meteren.

Skeise-VM 1976[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Sylvia Burka Flag of Canada.svg Canada 184,840
Sølv Tatjana Averina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 185,283
Bronse Sheila Young Flag of the United States.svg USA 186,540
4 Sitje van der Lende Flag of the Netherlands.svg Nederland 186,580
5 Paula Halonen Flag of Finland.svg Finland 186,716
6 Sylvia Filipsson Flag of Sweden.svg Sverige 186,766
7 Karin Kessow Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 187,425
8 Lisbeth Korsmo Flag of Norway.svg Noreg 187,932

Dato: 21./22. februar 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]