Skeise-VM 1981 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1981 for kvinner fann stad i Sainte-Foy ved Québec i Canada helga 6. og 7. februar 1981. 30 utøvarar frå 11 land deltok i stemnet, av dei tre frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Tittelforsvarar Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen fekk bestetid på dei to kortaste distansane og vart verdsmeister framom Karin Enke frå Aust-Tyskland som vann 1500 m. Sovjetiske Olga Plesjkova sigra på den avsluttande 3000-meteren.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Natalja Petrusjova  Sovjetunionen 178,947
Sølv Karin Enke  Aust-Tyskland 180,266
Bronse Sarah Docter  USA 182,441
4 Bjørg Eva Jensen  Noreg 182,485
5 Irina Mikhailova  Sovjetunionen 183,196
6 Olga Plesjkova  Sovjetunionen 183,254
7 Erwina Ryś-Ferens  Polen 183,953
8 Svetlana Katsjuk  Sovjetunionen 184,280

Kjelder[endre | endre wikiteksten]