Skeise-VM 1981 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1981 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 14. og 15. februar. 36 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Norske Amund Sjøbrend vart verdsmeister, landsmennene Kay Stenshjemmet og Jan Egil Storholt kom på dei neste pallplassane. Sjøbrend var bestemann på 1500 meter, Stenshjemmet på 500 m. Piet Kleine frå Nederland fekk bestetid på 5000-meteren, medan Sergej Beresin frå Sovjetunionen vann milløpet.

Skeise-VM 1981[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Amund Sjøbrend  Noreg 167,781
Sølv Kay Stenshjemmet  Noreg 167,887
Bronse Jan Egil Storholt  Noreg 168,374
4 Dmitrij Botsjkarov  Sovjetunionen 168,770
5 Andreas Ehrig  Aust-Tyskland 169,087
6 Tomas Gustafson  Sverige 169,106
7 Øyvind Tveter  Noreg 169,511
8 Frits Schalij  Nederland 169,677

Dato: 14./15. februar 1981

Kjelder[endre | endre wikiteksten]