Skeise-VM 1982 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1982 for kvinner fann stad i Inzell i Bayern i dåverande Vest-Tyskland helga 13. og 14. februar 1982. 30 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre fyrste distanseøvingane og vart verdsmeister framom landskvinna Andrea Mitscherlich med tittelforsvarar Natalja Petrusjova frå Sovjetunionen på tredjeplassen. Mitscherlich sigra på den avsluttande 3000-meteren.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke  Aust-Tyskland 168,271
Sølv Andrea Mitscherlich  Aust-Tyskland 170,699
Bronse Natalja Petrusjova  Sovjetunionen 171,231
4 Gabi Schönbrunn  Aust-Tyskland 171,576
5 Sarah Docter  USA 172,075
6 Bjørg Eva Jensen  Noreg 172,870
7 Alie Boorsma  Nederland 174,536
8 Natalja Sjive-Glebova  Sovjetunionen 175,071

Kjelder[endre | endre wikiteksten]