Skeise-VM 1983 for kvinner
Verdsmeisterskapen på skeiser 1983 for kvinner fann stad i Karl-Marx-Stadt i dåverande Aust-Tyskland helga 19. og 20. februar 1983. 32 utøvarar frå 12 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod for fyrste gong siden VM 1955 av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.
Andrea Mitscherlich frå Aust-Tyskland fekk bestetid på dei tre lengste distansane og vart verdsmeister framom tittelforsvarar og landskvinne Karin Enke. Natalja Sjive-Glebova frå Sovjetunionen gjekk den snøggaste 500-meteren.
Skeise-VM 1983[endre | endre wikiteksten]
Plass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Andrea Mitscherlich | ![]() |
178,983 |
![]() |
Karin Enke | ![]() |
181,472 |
![]() |
Valentina Lalenkova | ![]() |
182,163 |
4 | Gabi Schönbrunn | ![]() |
182,571 |
5 | Svetlana Katsjuk | ![]() |
182,572 |
6 | Sabine Brehm | ![]() |
183,180 |
7 | Bjørg Eva Jensen | ![]() |
183,399 |
8 | Natalja Sjive-Glebova | ![]() |
183,846 |
Dato: 19./20. februar 1983