Verdsmeisterskapen på skeiser 1983 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 12. og 13. februar. 33 utøvarar frå 17 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.
Nordmannen Rolf Falk-Larssen fekk bestetid på dei tre fyrste distansane og sikra seg dermed verdsmeistertittelen framom Tomas Gustafson frå Sverige, Sovjetunionens Aleksandr Baranov vart tredjemann. Gustafson vann 10000-meteren og fekk beste poengsum av deltakarane, etter at Falk-Larssen gjennomførte eit milløp i roleg tempo. Det norske heimepublikumet oppfatta den manglande innsatsen som usportsleg og «bua» ut meisteren. I 1985 vedtok Det internasjonale skeiseforbundet (ISU) å fjerne regelen om at ein kunne verte verdsmeister gjennom å vinne tre distansar.