Skeise-VM 1985 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1985 for kvinner fann stad i Sarajevo i dåverande Jugoslavia helga 9. og 10. februar 1985. 31 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Andrea Mitscherlich frå Aust-Tyskland var best på alle dei fire distansane og vart verdsmeister for andre gong, med seg på sigerspallen hadde ho landskvinnene Gabi Schönbrunn og Sabine Brehm.

Skeise-VM 1985[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Andrea Ehrig-Mitscherlich  Aust-Tyskland 173,853
Sølv Gabi Schönbrunn  Aust-Tyskland 176,798
Bronse Sabine Brehm  Aust-Tyskland 177,122
4 Yvonne van Gennip  Nederland 178,067
5 Olga Plesjkova  Sovjetunionen 179,588
6 Heike Schalling  Aust-Tyskland 179,963
7 Seiko Hashimoto  Japan 180,134
8 Irina Fatejeva  Sovjetunionen 181,359

Dato: 9./10. februar 1985

Kjelder[endre | endre wikiteksten]