Skeise-VM 1985 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1985 for menn vart avvikla på Hamar stadion helga 16. og 17. februar. 34 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Hein Vergeer frå Nederland vart verdsmeister med god margin til tittelforsvararen, Oleg Bozjev frå Sovjetunionen. Bestetid på enkeltedistansane presterte Gaétan Boucher frå Canada på 500 meter, Vergeer på 5 000 m, Bozjev på 1500 m og norske Geir Karlstad på 10 000 m.

Skeise-VM 1985[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Hein Vergeer  Nederland 166,931
Sølv Oleg Bozjev  Sovjetunionen 167,679
Bronse Hilbert van der Duim  Nederland 167,718
4 Frits Schalij  Nederland 168,323
5 Michael Hadschieff  Austerrike 168,378
6 Dave Silk  USA 168,466
7 Geir Karlstad  Noreg 168,440
8 Rolf Falk-Larssen  Noreg 168,455
9 Christian Eminger  Austerrike 169,214
10 Emiel Hopman  Nederland 170,166
11 Tom Erik Oxholm  Noreg 170,180

Dato: 16./17. februar 1985

Kjelder[endre | endre wikiteksten]