Skeise-VM 1995 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1995 for kvinner vart avvikla på Savalen i Tynset kommune i Noreg helga 4. og 5. februar 1995. 26 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei einast Anette Tønsberg frå arrangørlandet. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter. Det er siste gongen verdsmeisterskapane for kvinner og menn har vorte arrangert åtskild.

Tyske Gunda Kleemann gjekk fortast på alle fire distansane og tok sin fjerde VM-tittel, nesten fire tidspoeng framom toaren, Ljudmila Prokasjeva frå Kasakhstan.

Skeise-VM 1995[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gunda Kleemann  Tyskland 171,276
Sølv Ljudmila Prokasjeva  Kasakhstan 175,201
Bronse Annamarie Thomas  Nederland 175,548
4 Emese Hunyady  Austerrike 175,842
5 Heike Schalling  Tyskland 177,138
6 Mie Uhara  Japan 177,309
7 Claudia Pechstein  Tyskland 178,120
8 Carla Zijlstra  Nederland 178,682

Dato: 4./5. februar 1995

Kjelder[endre | endre wikiteksten]