Skeise-VM 1995 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1995 for menn vart avvikla i Baselga di Piné i Trento-provinsen i Italia helga 11. og 12. februar. 35 utøvarar frå 19 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.

Rintje Ritsma frå Nederland vart verdsmeister, etter å ha vunne både 1500 meter og 10 000 m på meisterskapens andre dag. Om laurdagen gjekk Hiroyuki Nozaki frå Japan den kjappaste 500-meteren, før Frank Dittrich som representerte Tyskland fekk bestetid på 5 000 m.

Skeise-VM 1995[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Rintje Ritsma  Nederland 160,992
Sølv Keiji Shirahata  Japan 161,864
Bronse Roberto Sighel  Italia 162,851
4 Takahiro Nozaki  Japan 163,110
5 Dave Tamburrino  USA 163,603
6 Andrej Anufrijenko  Russland 163,614
7 Hiroyuki Noake  Japan 163,897
8 Neal Marshall  Canada 164,132

Dato: 11./12. februar 1995

Kjelder[endre | endre wikiteksten]