Hopp til innhald

Skeise-VM 2003 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2003 i firkamp vart avvikla på Ruddalens idrottsplats i Göteborg i Sverige 8. og 9. februar. 24 kvinner og like mange menn frå 12 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Gianni Romme vart verdsmeister for andre gong, på dei neste tre plassane kom hans landsmenn. Romme var bestemann på dei to lengste distansane, Ids Postma gjekk fortast av alle på 500 meter og Jevgenij Lalenkov på 1500 meter. I kvinneklassa vart Cindy Klassen frå Canada verdsmeister for fyrste gong. Distansesigrarar var Jennifer Rodriguez på 500 m, Claudia Pechstein på 3000 m, Maki Tabata på 1500 m og Clara Hughes på 5000 meter.

Eskil Ervik var den einaste av dei norske deltakarane som hevda seg i tevlingane. Han vart sjettemann samanlagt, Lasse Sætre og Annette Bjelkevik enda høvesvis som nummer 21 og 22.

Skeise-VM 2003[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Gianni Romme  Nederland 158,105
Sølv Rintje Ritsma  Nederland 158,889
Bronse Ids Postma  Nederland 159,013
4 Mark Tuitert  Nederland 159,380
5 Jevgenij Lalenkov  Russland 159,851
6 Eskil Ervik  Noreg 160,687
7 Dmitrij Sjepel  Russland 161,076
8 K.C. Boutiette  USA 161,085
9 Johan Röjler  Sverige 161,150
10 Jan Friesinger  Tyskland 161,906

Dato: 8.–9. februar

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Cindy Klassen  Canada 170,545
Sølv Claudia Pechstein  Tyskland 171,144
Bronse Daniela Anschütz  Tyskland 173,633
4 Kristina Groves  Canada 173,726
5 Jennifer Rodriguez  USA 173,817
6 Clara Hughes  Canada 173,897
7 Maki Tabata  Japan 174,050
8 Catherine Raney  USA 174,381
9 Renate Groenewold  Nederland 174,388

Dato: 8.–9. februar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]