Verdsmeisterskapen 2013 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 26. og sundag 27. januar i Salt Lake City i USA. Meisterskapen var den 44. i sprint-firkamp. 69 utøvarar, 36 karar og 33 kvinner, deltok i meisterskapen.
Michel Mulder frå Nederland og Heather Richardson frå USA vart verdsmeistrar, begge for fyrste gong. Richardson vann også den avsluttande 1000-meteren. Elles på kvinnesida sigra kinesiske Yu Jing på den fyrste 500-meteren og sørkoreanske Lee Sang-hwa på den andre, medan Christine Nesbitt frå USA vann 1000 meter om laurdagen. Japanske Jōji Katō var bestemann på begge 500-meterane, det same var nederlendaren Hein Otterspeer på dei to 1000-meterane.
Dei tre norske deltakarane enda som nummer 25 Espen Hvammen, 29 Christoffer Rukke og 31 Hanne Haugland.