Skeiselandskampen Noreg-Sovjetunionen 1963

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skeiselandskampen Noreg-Sovjetunionen 1963 fann stad på Bislett stadion i Oslo laurdag 26. og sundag 27. januar 1963. Noreg vann landskampen med 215 poeng mot Sovjetunionens 109 poeng. Landa stilte med åtte utøvarar kvar som alle gjekk dei to kortaste distansane, på 5 000 m deltok begge landa med sju mann og på 10 000 m med seks mann kvar. Noregs mannskap bestod av Alv Gjestvang, Knut Johannesen, Fred Anton Maier, Per Ivar Moe, Torstein Seiersten, Svein Erik Stiansen, Magne Thomassen og Nils Aaness.

Knut Johannesen sette verdsrekord på 5 000 meter med tida 7.37,8, etter at Nils Aaness tidlegare i tevlinga hadde forbetra rekorden til 7.42,8. Alv Gjestvang forbetra sin norske rekord på 500 m til 40,7 sekund, Knut Johannesen sette noregsrekord på 1500 m med eit løp på 2.10,3, før Fred Anton Maier avslutta rekordraset ved gå i mål til 15.49,7 på 10 000 m som fyrste nordmann under 16 minuttar på distansen innafor landets grenser.

500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Alv Gjestvang Flag of Norway.svg Noreg NR 40,7
2 Nikolaj Kajdalov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 41,1
3 Vladimir Orlov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 41,2
4 Boris Guljajev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 41,3
5 Nils Aaness Flag of Norway.svg Noreg 41,6
6 Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 42,4

Dato: 26. januar

5 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Knut Johannesen Flag of Norway.svg Noreg VR 7.37,8
2 Fred Anton Maier Flag of Norway.svg Noreg 7.38,4
3 Nils Aaness Flag of Norway.svg Noreg 7.42,8
4 Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 7.44,3
5 Per Ivar Moe Flag of Norway.svg Noreg 7.50,2
6 Torstein Seiersten Flag of Norway.svg Noreg 7.52,0

Dato: 26. januar

1500 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Knut Johannesen Flag of Norway.svg Noreg NR 2.10,3
2 Nils Aaness Flag of Norway.svg Noreg 2.10,8
3 Per Ivar Moe Flag of Norway.svg Noreg 2.11,0
4 Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 2.11,5
5 Fred Anton Maier Flag of Norway.svg Noreg
Svein Erik Stiansen Flag of Norway.svg Noreg 2.12,0

Dato: 27. januar

10 000 m[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Tid
1 Fred Anton Maier Flag of Norway.svg Noreg NR 15.49,7
2 Magne Thomassen Flag of Norway.svg Noreg 16.06,8
3 Torstein Seiersten Flag of Norway.svg Noreg 16.12,0
4 Nils Aaness Flag of Norway.svg Noreg 16.21,6
5 Muzakhib Khabibibulin Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 16.38,2
6 Per Ivar Moe Flag of Norway.svg Noreg 16.38,3

Dato: 27. januar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]