Skeisteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skeisteinen på Molandsmoen

Skeisteinen er ein runestein som står på Molandsmoen, ca. to kilometer nord for Moland kyrkje i Fyresdal i Telemark. Han har ID nr. 127468 i kulturminnedatabasen til Riksantikvaren.

Molandsmoen er ein flat furumo, og her var det gamle skeidet - staden der folk heldt på dei gamle tradisjonane med hestekappløp og -kampar. Den første skildringa av dette er ved biskop Niels Glostrup ved ei visitasferd i 1618. Tradisjonen vert òg skildra av presten H.J. Wille i 1786. Han nemner òg at plassen der hestekampene fann stad var avgrensa av fire reiste steinar. To av desse steinane er verna, den eine av dem er runesteinen. Innskrifta er:

þorolv rit
saskal raþa ru(nar)
er l(e)r stirebs

På norrønt vert det: þorolfr reit sá skal ráda runar, er lér stígreips.

På moderne norsk vert det: «Torolv skreiv. Den skal rå (desse) runer, som låner stigbøyle (til ein annan)».

Magnus Olsen (d. 1963) argumenterte for at dette går attende på ein gammal straffemetode som er mest kjend som «tremerr». Der vert den som skal straffast sett overskrevs på ein trebukk, med vekter på føtene, og er nøydd til å sitja der for ei viss tid. Vektene vert kalla «stigbøyler», og det er dei det etter Olsen si meining blir sikta til i innskrifta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]